"Heimbygdi vår"
Årbok for Sogndal Sogelag.
Nr. IX for 1941, sidene 92- 95

Fra 1921 og utover ble det utgitt en serie med bygde- og ættesoger for Sogndal som het "Heimbygdi vår". Foregangsmannen i dette arbeidet var Vilhelm Flugeim fra Kvåle som var lærer ved Sogndal Folkehøgskule. I Årbok nr. IX for 1941, sidene 92- 95, finner vi omtale av Bahus. Dette heftet er vanskelig tilgjengelig (Sogndal bibliotek hadde bare en zeroxkopi til gjennomsyn). Jeg har derfor tillatt meg å ta en avskrift (uten endringer) av denne kopi:
 (K-L Grønhaug, 2002)


Nr. 20
Eldre nr. 23.
- 92 -
Bahus
Skyld 0,29 og 0,18 mk.
Eldre 3 dal. 1 ort 18 mk.
Smør ½ laup, 4 mæl. korn.

Bahus ligg vestum Fjøra ute under reina frå Trehestbakken til Elvabakken. Eigedomen er tun med hage. Øyna i elvi høyrer til. Ein gangeveg kjem ut Elvabakken til vatstaket for Fjøra nedam Bahus. Derifrå fører grind upp i hagen. Men hovudvegen kjem inn øvst i gjerdet under Trehestbakken.
Det gamle Bahus var gard til ut i siste helvti av 18-talet då eigedomen vart kløyvd og seld stykkjevis. Fyrste gongen me finn namnet i skattelistorne er 1647. Då ligg Bahus som bygslegard under enkja etter jorddrotten Nils Pedersen, stor 1|/2 laup smør og 4 mæl. korn. Brukaren er og enkja, men "utfatig og arm".

Noko seinare hev garden kome til Foss. Presten Per Hanning som laga prestamanntalet 1664 nemner desse gardarne under eitt bruk: F o s s e og B a h u s, og samleis gjer futen 1666 under eitt: Fosse og Baahus.

I 17-talet kjem garden under presten, og då presten Kristen Heiberg d. 1747, gjekk Bahus til enkja hans Katrina Rachløv. Ho budde på Bahus i sitt enkjestand og skøytte Sogndal. I denne skøyta kjem eit nytt namn attåt: Bahus eller garden 1750 til sonen Gerhard Heiberg som og vart prest i Sand, og desse namni vert skrivne um einannan eller jamsides, soleis i folketeljingi 1801: Bahus eller Sand. Sume tider skriv dei Sande, sume tider Sanden. 1807 segjer ei arkivbok, er 18 merker smør flutt til og verdsett med prestegarden. Dette kan vera ein teig i Fremstedalen på heimsida Gunnvordalen, ein teig som enno høyrer prestegarden til og framleides heiter S a n d s t e i g e n.

Katrina Rachløv Heiberg d. på Bahus 1753. Son prest Gerhard Heiberg d. 1778. Og no flutte enkja etter han, Metta Katrina Heiberg til Bahus. Ho hadde pension av kallet. Dotteri hadde ho kalla uppatt etter bestemori Katrina Rachløv. Denne unge Katrina Rachløv var gm. kapellan i Sogndal Nils Wolff, seinare prest på Leikanger. Han d. 1789, og då flutte enkja etter han inn til mori på Bahus med borni og livde der av pensionen sin og av garden. Manntalet 1801 kallar henne husmor på Bahus Katrina Rachløv Wolff. Mori d. 1805, men madam Wolff livde til 1839.

1838 selde ho garden Bahus til handelsmann i Fjøra Jens A. Foss, 1475 dal.. Han dreiv gardsbruk attåt handelen. 1870 skilde Foss hagen og loni på Bahus ifrå og selde til yverrettssakførar Karl Kristian Olsen, 800 dal., f. i Oslo 1816. Han hadde vore gm. Berta Cesilia Olsen som d. på Årvål 1857, 38 år. Olsen livde enkjemann på Bahus. Han budde sjølv ovanpå i huset og leigde burt fyrste høgdi, i tidi 1871-1875 til Jakob Sverdrup og folkehøgskulen hans, og frå 1878 nokre år til Bergitta Foss og posthuset.

Karl Olsen d. 1882 og Bahus gjekk til den nye yverrettssakførar Hugo Laurentsus Hjorthøy gm. Johanna Paulina Hjorthøy som d. på Bahus 1885. Kaupsum 2000 kr. Då Hjorthøy nokre år seinare flutt or bygdi, kaupte engelskmannen Wilfred Burnton Kennedy Bahus, 12.000 kr. Han d. 1894, 31 år. Han umdøypte Bahus til Ulverstone.

Same året flutte den nye lækjaren, dr. Schøyen til Sogndal og kaupte Bahus som no fekk atter rette namnet. 3000 kr. O. B. Schøyen tok embæteseksamen i 1870-åri. Han arbeidde ei tid som vikar på Røros og i Lærdal og vart so emigrantlækjar umbord på Håkon Adelstein i Norske Amerikalina. Sidan kom han som distriktslækjar til Ytre Namdalen 14 år til 1887 og flutte so til Trondenes. Derifrå i 1894 til Sogndal. Medan han var her, tok han ferder til Berlin og studera på hospitali der. I Sogndal fekk han 1919 ein farang med spanskesykja å strida med. Dei fortalde at han då i 6 vikor ikkje hadde annan sømn enn den han fekk i sleden og motorbåten.

Schøyen dreiv hagen på Bahus fram til mynsterbruk i fruktavl og grønsakjer. Han tok til med dvergtre, sprøyting og finpakking og hadde sal yver heile landet. Blomsterhagen var og vida kjend. -----

Tavla:
Ole Benjamin Schøyen f. 1845 på Trostad ved Kongsvinger, gm. 1881 Laura Marie Smith f. 1858 i Stavanger. Born:
Henny Smith f. 1882 gm. yveringeniør Otmar Egenes 1911.
Christen Müller Smith f. 1886 gm. Marit Troye 1908.
Ole Botolf Smith f. 1886 gm. Anna Langenes 1924.

1920 fekk han påskyningsmedalje i gull hjå kongen. Han d. 14 november 1921. Under sjukdomen då vitja han sin siste patient på Helgheim.
Heradet kaupte no Bahus til doktarbustad. 60.000 kr.

1922 kom dr. Trædal til Sogndal og tok ved embetet og bustaden på Bahus. Han fekk doktareksamen 1898, arbeidde so fyrst som kommunelækjar i Lavik og sidan som distriktslækjar same stad. Derifrå flutte han til Sogndal. ----

Tavla:
Ludvig Trædal f. 1872 på Lomelde i Norum der faren var kyrkjesongar, gm. Ragnhild Wexelsen f. 1862, dotter av prest Wilhelm Andreas Wexelsen. Born:
Sigurd f. 1895 gift med Lilly Østbye. Han er no doktar i Krogstad, Akershus.
Johanne Henrikke f. 1899 gm. telegrafstyrar Sodeland, no i Kristiansand.
Else f. 1901 gm. Karl Grønhaug, no prest i Skåtøy og Jomfruland.
Gjertrud Ragnhild f. 1908 gm. tannlækjar Tormod Strand, Åmot, Modum.
Wilhelm Andreas Wexelsen f. 1905, d. 6 vikor.

Trædal heldt fram med plantingi i hagen på Bahus. Men siste vinteren, 1940-41, var hard og leid med hagarne i Sogndal. Ei mengd med tre fraus, og på Bahus herja kulden stridt. 120 frukttre rauk til, derav 30 plometre. Aplarne var mest dverg, dei var minst motstandsføre. Det er soleis eit ilt kringsjå denne fine hagen no byd.

Trædal vart tilsett attåt som fylkeslækjar 1925. Han hev heile tidi havt henderne fulle. Men han hev då funne tid å vitja hospitali umkring. Han hev og teke utanlandsferd. På dei store stemnarne i Sogndals helselag held han årvist foredrag, oftast um helsa, men etter utanlandsferdi fortalde han um passionsspeli i Oberammergau.1 Kontoret på Bahus hev vore søkt og doktarbilen ofte ute i bygdi. Handsal for doktarvaror er tilskipa i Fjøra. Doktaren hev vore rimeleg med sitt honorar av patientarne.

 
Dr. Trædal

Stoveloni tek no til og eldest, og det spørst at heradet lyt til med nykostnad ved næste doktarskifte 1942.2

Dei andre luter av det gamle Bahus gjekk flest under hamaren då buet etter handelsmann Søren Foss, som avløyste faderen Jens Foss, vart uppgjort. H a g a t u n eller Øvre Bahus innum grovi vart fråselt, og U l v a h a u g e n. Hovudluten utom grovi gjekk til Foss. L i t l a b ø hadde vorte fråselt 1857.

Tilføyelser:
1 Dr. Trædal reiste i 1930 sammen med sin sønn Sigurd. Fru Trædal var ikke frisk nok til å være med.
2 Den nye doktoren Blaauw kom i 1947, men Trædal hadde pasienter på Bahus til han flyttet i 1961.

Tilbake